Ung Kirkesang - Korsommerskole Mjuklia
Målgrupe: Korsongarar 10 år og eldre, saman med korleiar/dirigent.
Mål: Stimulere og inspirere korsongarar til å satse på korsong. Øve inn nytt repertoar som høver til gudstjenestebruk. Gje grunnleggjande leiartrening Utvikle venskap og nettverk som kan inspirere til vidare samarbeid for leiarar og korsongarar.
Pris: For deltakarar: kr 4000. Søskenrabatt: - kr 500 for kvar Rabatt for dei som betaler tidleg: Kr 2900 ved betaling før 10. mars Ved påmelding får du faktura frå oss på e-post med forfall på fristdag. Deltakarkontingenten dekkar kost og losji, materiell, notar og medlemsskap. Ein dirigent/vaksenleiar kan vere med pr kor, gratis. Hugs å søkje koret, soknerådet eller regionleddet om støtte! Støtteordninga for inkluderig, barnefattigdom etc, er flytt til kommuneivå. Slike midlar må ein nå kontakte kommunen om.
Ta med: Sovepose og laken, eller pute- og dynetrekk og laken (du får seng i fleirsengsrom), toalettsaker, sommartøy, varmt tøy også! Regntøy, badetøy, innesko, instrument du speler (om det høver å ta med).
Turdag: Tur til Trondheim, korsommarskulen syng i gudsteneste i Nidarosdomen sundag 30. juli kl 11. (med atterhald)